Relaterte artikler

VM Tap dance 2015

1. desember starter VM i Tap dance og Norge stiller til start med Jan Anders Presthus (f. 09.05.2000), ein norsk pioner innen steppdans som konkurransedans.


I hundre år har steppdansen blitt dyrka som ei kunstform, knytt til jazzmusikken og til musikalsjangeren på scene og på film. Steppdansarane har alltid likt å utfordra kvarandre, men fyrst i dei seinare tiåra har det blitt arrangert formelle meisterskap som EM og VM. Norge kom med i 2013, representert ved Jan Anders Presthus.

Han deltok i Norske Talenter (TV2) alt som niåring og kom like til semifinalen, og har seinare markert seg internasjonalt på Stockholm Tap Festival. Sidan 2010 har stepparar frå heile verda samlast der i påskeferien og duellert i form av «cutting contests». Slike erfaringar var nyttige for Jan Anders å ha med seg til VM-debuten som gav ein respektabel 11.plass.

I oktober 2014 vart han europameister i sin klasse. Dermed fekk Jan Anders opptre på sjølvaste Idrettsgallaen 2015, både som steppdansar og prisutdelar. Og på årets «Dance Awards» vart han kåra til «årets nykommer».

Stjerner på Idrettsgallaen 2015

Fra Idrettsgallaen 2015

 

Årets nykommer 2015

Fra Dance Awards 2014, vinner av prisen Årets Nykommer.

 

I juli i år vart det femteplass i EM i Praha, men han kom sterkt tilbake i august, då han vann «cutting contest» på Bubrovnik Tap Festival. Etter det har fokus vore på VM som går den fyrste veka i desember, i Riesa (Tyskland). Når det gjeld steppinga, er Jan Anders sin eigen koreograf og trenar. Men utviklinga som dansar kan han takka det profesjonelle dansemiljøet på Stord for. Jan Anders tar timar i ballett, jazzdans og koreografi hos Magdalena From Delis og Nathanael Larsson i «Spinae Dansekompani» og hos Jorunn Whitaker i Kulturskulen.

Lykke til i VM Jan Anders!!!